Over hundre konfirmantar skal gå med bøsse i Vennesla, Øvrebø og Hægeland tirsdag den 19. mars.

I tillegg deltar ein del vaksne for å dekke alle innsamlingsrutene. Nær 800 millionar menneske lever i dag utan tilgang på reint vann. Temaet for innsamlinga er derfor vann. Kirkens Nødhjelp deler innsamla midlar mellom langsiktige tiltak som brønnboring og krisehjelp der det er flom, tørke, konflikt eller krig. Ei gåve på 300 kroner gir eit menneske varig tilgang på reint vann.

Målet er å tangere, eller helst slå resultatet frå 2023, som var 164.000 kroner. Det er mange som deltar i organisering av bøsseaksjonen. Hovudansvarleg i Vennesla er Berit Åsan, i Øvrebø Jon Hageland og i Hægeland Torkjell Ågedal. I Øvrebø og Hægeland er både Frikjørka og Den norske kyrkja med på aksjonen.

Dette er er innsendt bidrag. Det er Oddvar Moen som er forfatteren bak.