Aslak T. Fjermedal

Det er flott at Vennesla Tidende tek opp stadnamna i bygda som eit tema. Der er det mykje spanande kulturhistorie frå nær og fjern fortid. Og Sylfest Lomheim er ein svært god formidlar. Men når det gjeld tolkinga av namnet Vennesla tek han feil. (VT 25. januar)

Å tolka siste delen av namnet, -la, som ei forkorting av land er verkeleg ein skivebom. Det er to moglege opphav til -la. Det eine er det som Oluf Rygg skriv i Norske Gaardnavne, som vart gjeve ut i mange bind mellom 1897 og 1924, og er standardverket om norske gardnamn. Han meiner det er lá, som tyder «Strandvand ... nu i folkesproget Sumpvand».

Ei anna tolking, som kanskje kan vera meir sannsynleg, er at det kjem frå ló/lá, som er «(gras)slette ved vatn». Slik som siste delen av Oslo og Follo.

Når det gjeld fyrste delen av namnet, har Sylfest rett i at det har med forma på fjorden å gjera, men kanskje ikkje direkte verbet venda. Oluf Rygh har som hovudforklaring «vendill .. myg Kvist», men ogso då med tanke på forma på fjorden. Men han har ogso med «vindill, som synes at være afledet af vinda, sno, dreie».

Ei nyare fagleg tolking, som eg tykkjer er både interessant og sannsynleg, er at det gamle namnet på Venneslafjorden rett og slett var Vindill, det bøygde vatnet, og då vert Vennesla «sletta ved innsjøen Vindill».

Namn på vatn og vassdrag er tidt av dei eldste namna me har, for desse var viktige for dei som levde av fiske og fangst. So har gjerne andre namn, som gardnamn, utgangspunkt i desse. Det ville vera heilt naturleg om dette ogso gjeld Vennesla.

Det er fleire andre stader i Norden som har namn som ein meiner kjem frå namnet Vindill (e.l.) på vatn eller fjordar. Det er eit par stader i Sverige (t.d. Vendel, i 1291 skrive Vendil, ogso ved ein bøygd innsjø), men kanskje mest interessant er Vendsyssel, som jo er den delen av Jylland som ligg nord for Limfjorden. «Vendsyssel kaldes hos Adam af Bremen (ca.1075) Wendila ... i den islandske litteratur Vendill ... Antakelig oprindelig navnet på Limfjorden («den snoede») og deretter navn på landskabet nordfor.» (Wikipedia)

Follo har same oppbygging som Vennesla, om denne tolkinga er rett: Fyrst namnet på fjorden (Fold, det gamle namnet på Oslofjorden) og deretter -lo, sletta ved vatnet.

Når ein skal tolka so gamle namn som dette, må me finna oss i at noko kan vera usikkert. Når det gjeld Vennesla, kan me ikkje vera sikre på det eg har skrive her, men det er ganske gode teoriar. Det me kan vera sikre på er at Lomheim har feil i dette: «Om ordet skulle vært helt historisk rett, måtte det blitt Vennesland». Og at Rygh hadde rett: «Navnet har tidligere uriktig været skr. Vennesland».

Aslak T. Fjermedal